«Min første skuledag» i det vesle skulehuset på Ådnatun søndag 11 september

Utstillinga «Min første skuledag» er komen til den vesle skulestova på Ådnatun. Publikum får presentert digitale forteljingar frå heile verda om ulike opplevingar av den første skuledagen. Her kan du lese meir om utstillinga.

Kom og gjennopplev eigne minne med å sjå utstillinga på søndag!

Posta under Ådnatun | Kommenter innlegget

Ein oppdatering!

No var det lenge sidan eit innlegg. Det har egentlig ikkje skjedd så mykje hos oss som er verdt å skrive om. Det har for det meste vore planlegging og skriving av omsyning og utstillingstekstar. I forrige veke fikk vi testa omsyninga for konsulentens søster som var innom, og vi konkluderte med at omsyninga er omtrentleg klar til opning. No gler vi oss til å holde omsyning for vitjande.

I tillegg har vi og planane klar for utstillingar, båe den faste og den midlertidige, så ting byrjar falle på plass, og vi gler oss og til å vise fram nokre av dei morosame og fine tinga vi har.

Det er mykje som skal skje i juni, og vi kommer til å oppdatere meir da. Følg med!

Posta under Ådnatun | Kommenter innlegget

Wikipedia

I dag har me bygd ut Wikipedia artikkelen som vart skreven ein lokal historieentusiast. Men i og med at han ikkje hadde tilgong til den informasjon som me i museet har, så me har skrive ein ny og betre versjon.

Og noke morosamt, da eg gikk inn på artikkelen for å redigera han, så hadde noken alt sett inn ein lenke til bloggen. Godt å sjå vi blir sett.

Her er lenka: Ådnatun museum på wikipedia.

Posta under Ukategorisert | 3 kommentarar

Ådnatun-nokre inntrykk

Då har me vore ein stund på museet, og har starta forme nokre inntrykk om kva som må gjerast for å kome i gong med museet og få det klart til sesongstart.

Det er mykje morosame og spanande ting ved museet og vi gler oss til å gå brakt dei fram i ljoset og fortela om dei.

Blant anna desse giftflaskene som er ein del av inventaret i frå gamle Arne Apotek.

Her har me deler av inventaret i Seimsstølen, eit stølshus som vart henta ned frå fjellet og satt opp på museet. Det vart også byggja på, då deler av det hadde forfalle oppe på fjellet. Slik som det er i dag, er det mest troleg slik det var det vart oppførd originalt.

Dette er i frå skulestova som har vorte innreda  det eine byggjet. Han har vore nyttja med i samband med eit opplegg Arna Sogelag har hatt med dei lokale skulene. Her har borna bland anna fått prøve seg på skriving med penn og blekk, og  dei har sitje ved gamaldagse skolepultar.

Me har også ein stor samling vakre kister, kor mange av dei er rosemålte. Vi gler oss til å kunne vise dei fram.

Posta under Ådnatun | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Ådnatun museum-eit prosjekt

Hei og velkomen til denne bloggen.

Her vil vi presentera vårt prosjekt og ynskjer fortela om kva vi gjer og korleis vi førebur dette museet for sumarsesongen.

Vi i Museumssenteret i Hordaland tok over drifta for dette museet i januar i år. Sjølve museet har tidlegare vore drifta av Arna sogelag som fikk det som testamentarisk gove frå Lars og Kari Ådna på 70-talet. Det var dette ekteparet som tok initiativet til og samla inn bygga vi har og danna dette museet. Arna Sogelag stend framleis som eigarar av museet, men vi i Museumssenteret i Hordaland har då teke over ansvaret for drifta.

Vi har eit ynskje om å gjere Ådnatun til en formidlingsarena. Det vi meiner med det, er at museet skal virke som ein arena for historieformidling, og vi vil ha knyta band mellom museet og dei lokale bebuarane, alt i frå historie entusiastar til borne familiar.

Vi vil nytta dette museet som eit verkty for å knyta band mellom nåtid og fortid, og gjennom deltaking av dei besøkande i aktiviteter med eit historisk sus kan dei få kjenne på si eige fortid. Vi har og planar om å samarbeida med Gamle Vossabanen, som har ein stasjon like ved vårt museum.

Vi har ein spanande samling av gjenstandar der vi og vil trekke frem dei mest interessante og sjå på dei, båe her på bloggen og i museet når den tid kjem at vi opnar.

Takk for at de les, og velkomen til vår blogg.

Posta under Ukategorisert | Merkt , , , | Kommenter innlegget