Ådnatun museum-eit prosjekt

Hei og velkomen til denne bloggen.

Her vil vi presentera vårt prosjekt og ynskjer fortela om kva vi gjer og korleis vi førebur dette museet for sumarsesongen.

Vi i Museumssenteret i Hordaland tok over drifta for dette museet i januar i år. Sjølve museet har tidlegare vore drifta av Arna sogelag som fikk det som testamentarisk gove frå Lars og Kari Ådna på 70-talet. Det var dette ekteparet som tok initiativet til og samla inn bygga vi har og danna dette museet. Arna Sogelag stend framleis som eigarar av museet, men vi i Museumssenteret i Hordaland har då teke over ansvaret for drifta.

Vi har eit ynskje om å gjere Ådnatun til en formidlingsarena. Det vi meiner med det, er at museet skal virke som ein arena for historieformidling, og vi vil ha knyta band mellom museet og dei lokale bebuarane, alt i frå historie entusiastar til borne familiar.

Vi vil nytta dette museet som eit verkty for å knyta band mellom nåtid og fortid, og gjennom deltaking av dei besøkande i aktiviteter med eit historisk sus kan dei få kjenne på si eige fortid. Vi har og planar om å samarbeida med Gamle Vossabanen, som har ein stasjon like ved vårt museum.

Vi har ein spanande samling av gjenstandar der vi og vil trekke frem dei mest interessante og sjå på dei, båe her på bloggen og i museet når den tid kjem at vi opnar.

Takk for at de les, og velkomen til vår blogg.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Ukategorisert og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s